"...det er som å gå på tynn is. Han tenker at det er som å gå på vatnet ein vinterdag. Det er som å gå der ute på den blanke isen som nyss har lagt seg. Og ikkje vita om han vil bera." Fabrikken, 1. kapittel
Til Fabrikken, 1. kapittel (utdrag) .
. |

|

|

Odda Smelteverk, 2004
|
 |
|
 |
Fabrikken, roman av Øivind H. Solheim, 368 sider.
Handlinga i Fabrikken finn stad i Odda før, under og det første året etter den 2. verdskrigen.
Fabrikken kan kjøpast på nettet (eventuell porto i tillegg) eller i bokhandelen. Pris innbunden: Kr. 349.- .
Bestilling via e-post fiksjon@gmail.com
Betaling via nettbank til konto som du får oppgitt ved stadfesting av bestilling.
Kontakt/bestilling: fiksjon@gmail.com
|
|
|
Fabrikken
- ein roman
- om folk og hendingar på smelteverket og i bygda utanfor
- om arbeidet og miljøet i smeltehuset og på kaiane
- om lengsel og svik, sanning og løgn, sjalusi og sladder
Handlinga i Fabrikken finn stad i ei vestnorsk industribygd i åra mellom 1909 og 1946
Lansering fredag 12. september kl. 15.00 på Odda Bibliotek:
- presentasjon
- forfattaren les frå boka
- samtale
- boksal
Utdrag frå Fabrikken:
"... i denne timen, rundt omkring i Odda, er det det same som hender, nesten kvar ein snur seg. I husa i dei ulike delane av den søvnige bygda kjem lyset på på kjøkenet og i gangen. Skuggane bak gardinene rører seg fram og tilbake og utfører dei faste, daglege gjeremåla. Dei vanlege handlingane, dei små rutinane som kvar og ein må gjennom før dei kan gå vidare. Og lyset blir sløkt i rom etter rom. Søvndrukne kjem mennene ut av husa. Oppe i Eidesdalen er det ein kraftig bygd førtiåring som stegar ned trappa i firsprang og begynner å småspringa nedover Røldal Haukelivegen. Ute på Kalvaneset er det ein lang og tynn ein som drar på seg lua, set seg på sykkelen og trør sakte innover i Eitrheimsvegen. På Krenken står ei kvinne i halvmørkret ved vindauget og ser nedover mot Røldal Haukelivegen, der mannen hennar snart vil passera nede ved dei gamle arbeidarboligane som står der på ei rekkje langsmed elva. Ho vil få eit siste glimt av han, der han går på den hastige ferda si nedover, på veg til det daglege arbeidet. Borte på Bakka slamrar ein hengslete mann i trettiåra med døra, står liksom litt i villreie på fortauet, og begynner så med søvnige rørsler å gå bortover forbi Murboligen og mot smelteverksporten. Ein mann kjem ut frå eit portrom oppe på Nyland og leier ein sykkel ut på gata. Han set fast arbeidsveska si bak på bagasjebrettet, svingar seg oppå sykkelen, trør seint bortover på flata og trillar nedover. – Frå alle kantar kjem dei. Og for alle er målet det same. Dei skal rekka å stempla inn før klokka slår den heile timen." |