stripe decor
   
Framsida     Bildegalleri                                                    Smelteverket-quiz
       
 

Odda Smelteverk (1908-2003)


Tanken på å skriva denne romanen fekk eg ein gong midt i det første ti-året av 2000-talet. Når eg var på besøk hos mor mi i Odda, såg eg bortover mot det stengde smelteverket. Litt etter litt festna den tanken seg at eg skulle gå inn der. Med kamera, kika rundt, ta bilde av det eg såg.

Smelteverket har 'alltid' vore der, midt i Odda. For meg har det òg alltid vore der, smelteverket. Hatt ein plass i livet mitt, i horisonten min. Far min var smelteverksarbeidar, fedrane til ungane i alle husa i gata der vi budde var smelteverksarbeidarar. -Eller nesten alle - nokre av dei hadde ein far som arbeidde på Zinken, eller på Nitriden i Tyssedal, det er jo sant.

Men altså smelteverket, det hadde alltid vore der. Midt i Odda, på den flataste delen av sentrumsområdet.

- Det nærmaste eg kom, var porten mellom dei to likt utsjåande bygningane der leiinga og funksjonærane på smelteverket heldt til på kontora sine.

- På avstand såg eg dei store hallane inne på området. Av og til kom det skarpe lydar av metall mot metall, og ut frå dei breie opningane i veggen glimta det kraftig når dei tappa karbid frå ovnane.

Det var dette som var smelteverket - det var ein stad som vi ikkje kjende til, vi barn av smelteverksarbeidarane. Det var far sitt område. Inn dit kom vi aldri.

       
 
Bildeserie frå 2003-2004


 Kontakt:  fiksjon@gmail.com 


 Notis til den som er kjend på smelteverket: Dersom du ser at det er feilaktige opplysningar på dette webområdet, er eg svært takknemleg om du gir meg beskjed. Skriv  til fiksjon@gmail.com, eller sms/telefon til 9006 2324. Takk!

   

 

    
    
 
   
Bildeserie: Ved Ovn 3, 7.03.2004