| |
"...det er som å gå på tynn is. Han tenker at det er som å gå på vatnet ein vinterdag. Det er som å gå
der ute på den blanke isen som nyss har lagt seg. Og ikkje vita om han vil bera." Fabrikken, 1. kapittel
|
Les om Hotel Hardanger:
Gjenreisa Hotel Hardanger?
|
 |
 |
 |
Gå inn i rom og ut av rom
INTERVJU MED FORFATTAREN
- Kvifor skriv du?
- Det har vel først og fremst med glede å gjera. Det å kunna nyta det som er nedfelt som tekst, det som skal stå på boksida.
- Korleis det?
- Jo, det går både på innhald, det som skjer, beskrivingar og skildringar av stader, ting og personar. Og ikkje minst det språklege: når det som står i teksten er godt, då opplever eg glede når eg les det.
- Kva er det med dette med å dikta?
- Det er blant mykje anna ein stor fridom. Fridommen til å skapa dette universet, å skapa rom der eg sjølv og lesaren kan gå inn. Lesaren kan gå inn i og ut av rom der det er personar, karakterar, menneske som er der for lesaren, når han eller ho vil det.
- Så det er romanen, for deg?
- Ja, møte menneske og miljø, og koma tett på personar som kunne ha levd.
- Du skriv i Fabrikken om folk i Odda før og under den andre verdskrigen. Kvifor har du skrive denne boka?
- Jo, det er eit behov eg har hatt lenge, utan at det eigentleg har vore særleg bevisst hos meg før akkurat dei siste åra. Men for om lag to år sidan begynte eg å skriva. Og då gjekk det så uventa bra!
- Du meiner skrivinga?
- Ja, det å tenka karakterar, det å tenka miljø, hendingar i det tidsrommet som eg interesserte meg for.
- Så det var mest glede, nyting, det å skriva romanen?
- Ja, mest det. Men òg hardt arbeid, mange tyngre stunder då eg tvilte, då eg leita etter svar og løysingar, og då eg opplevde at eg stod i stampe.
- Men kvifor akkurat denne perioden, den andre verdskrigen, og tiåra før krigen?
- Ja, det kan du spørja om. Det er jo før eg var fødd. Så kanskje nettopp derfor.
- Korleis det?
- Jo, kanskje det at eg har ønskt å utforska den tida, denne perioden, i Odda og Hardanger. Korleis det var der då, i den tida då foreldra mine og besteforeldra mine levde.
- Er det du fortel om verkelege hendingar?
- Ja, i ein forstand er det verkeleg. Det kunne ha hendt. Men det har ikkje hendt, naturlegvis. Ikkje akkurat slik som i romanen. Dei hendingane som romanen skildrar inne på fabrikken, i Odda og andre stader – det er fiktive hendingar.
- Og personane – enkelte av typane?
- Dei er dikta, alle som ein. Fiktive karakterar, som kunne ha levd.
- Men miljøet, du har ein vrimmel av konkrete beskrivingar av stader i Odda, både inne på smelteverket og i bygda Odda?
- Eg har bevisst gått inn for å skildra så realistisk som mogeleg. Det gir meg ei slags glede å skriva karakterane inn i dei fysiske rammene.
- Kva tenker du om Odda i dag?
- Mangt! Men kanskje først og fremst at det var ein god stad å veksa opp. Sjølv om eg ikkje akkurat tenkte den tanken då eg var midt oppi det, altså då eg var ung og budde i Odda.
- Kva med framtida?
- Den vil eg ikkje spå om. Men eg synest det er litt trist at oddingane ser ut til å gjera om igjen feil dei har gjort i fortida. Visst var det gamle rådhuset (Hotel Hardanger, den største trebygningen i Nord-Europa) forfallent og lite tiltalande å sjå på i tida før dei reiv bygningen. Men dei kunne jo ha tatt betre vare på det! Det er vanskeleg å forstå det, det at dei berre reiv det ned.
- Men smelteverket i dag?
- Ja, det er jo rett, det er mykje skrammel og rot der inne. Men dei som bestemmer bør ta fatt i sjølve saka, som etter mitt syn er veldig samansett. Ei viktig side i denne saka er kva smelteverket har vore og kva det har betydd for folk i Odda og for Odda-samfunnet gjennom nesten hundre år.
- Så du går for vern av smelteverket?
- Eg kjenner ikkje godt nok til detaljane i saka, så eg kan ikkje gå så mykje inn i det reint konkret. Men eg meiner at det er viktig for Odda-samfunnet at ein tar vare på denne delen av historia til Odda, og at ein bruker dei moglegheitene som ligg i det som no er igjen av smelteverket. Det vil vera veldig synd for Odda om byen går glipp av den statusen på UNESCO si verdsarvliste som kanskje låg i løypa for Odda.
- Er det for seint?
- Det er aldri for seint!
- Ikkje det?
- Jo sjølvsagt, viss du har dei feile, negative holdningane. Då kan det ofte vera for seint. Men no har eg lyst til å avslutta dette intervjuet med eit motto. Det er på engelsk, og det lyder slik: NEVER SAY NO. – SAY YES, I CAN!
|
Til Fabrikken, 1. kapittel (utdrag)
________________________________________
Kontakt/bestilling: fiksjon@gmail.com
|
|
Fiksjonsforlaget, org. nr. 992454334, starta i 2008.
Ny norsk fiksjonslitteratur, bøker med lokalhistorisk stoff, bøker med historisk bildemateriale, o. a.
|
|