Roman av Øivind H. Solheim    
    HOME   |  
 

 

FABRIKKEN

 

 

"...det er som å gå på tynn is. Han tenker at det er som å gå på vatnet ein vinterdag. Det er som å gå der ute på den blanke isen som nyss har lagt seg. Og ikkje vita om han vil bera."

 

ISBN 978-82-997841-0-8

 
 

Konrad, 9 år i 1902, opplever det verste som kan henda i livet til ein liten gut. Mor hans ligg sjuk og døyr ei kald vinternatt. Far, Konrad og småsøskena hans må klara seg vidare som best dei kan.

  Som den eldste i flokken må Konrad tidleg ut. Vi møter Konrad nokre få år seinare. Han går åleine nedover frå Løyning, fjellgarden der han voks opp. Han er på veg til Odda, denne vesle bygda innerst i Hardanger der tungindustrien i 1907 er i ferd med å etablera seg.

 

 

 

 

 

 

 

Forteljinga startar med Konrad sine opplevingar dei første åra på Løyning og i Odda. Hovuddelen av  romanen Fabrikken skildrar miljø og hendingar i Odda frå 1940 til 1946.

  Vi møter ei gruppe smelteverksarbeidarar og familiane deira. I ein del av romanen følgjer vi ein av personane frå han i april 1940 melder seg som soldat på Voss og sluttar seg til motstandskampen mot okkupasjonsmakta, og til han, då dei norske styrkane har overgitt seg, kjem til Odda og søker seg arbeid på fabrikken der.