Fabrikken  
    Framsida   |  
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
 
Fiksjonen og livet

Vi bryr oss. Om kvardagen. Om det som finst, i livet ditt og i livet mitt. Vi bryr oss om det. Det verkelege.

- Og fiksjonen. Vi bryr oss om fiksjonen. Det som kanskje hende. Det som vi ville skulle henda. Og det som vi ikkje ville skulle henda. Det som ikkje skulle ha hendt. Alt er der, det er med oss. Dagen i dag. Og den i går. Det som hende. Og det som hender med oss.

Det er så mykje. Noko av det kan vi skriva ned. Noko av det kan vi lesa om. Hos andre. Noko kan vi høyra om. Hos oss sjølve.

Noko av det som hender, har ikkje hendt. Nokon har skrive det. Men det har ikkje hendt. Ikkje her, ikkje meg. Ikkje i livet mitt. Men det kunne ha hendt. Noko av det som har hendt, har ikkje hendt slik fiksjonen gjengir det. Men det har hendt likevel. Det er likevel sant.

Noko av det som fiksjonen fortel om, hende for lenge sidan. Lenge før vi var her. Men det kan likevel ha hendt.

Det er ei slik forteljing den første boka til Fiksjonsforlaget gir lesaren. Romanen Fabrikken fortel om guten som vart fødd på ein fjellgard sør for Odda nokre år før hundreårsskiftet 1899/1900, han som i ung alder miste mor si i sjukdom, og som få år seinare måtte gå åleine nedover i dalen frå Løyning til Odda for å prøva å skapa livet sitt nede i den nyskapte industristaden.

 

Fabrikken

Vi er i det første tiåret av 1900-talet. Ein fredeleg turiststad blir forandra over natta til ein travel industritettstad. Oppe på garden ved vatnet på fjellet sør for Odda opplever niåringen Konrad sitt livs mareritt då mor døyr ifrå han og dei yngre søskena hans.

Få år seinare går han som sekstenåring nedover i dalen, på veg til det første arbeidsforholdet sitt. Vi skriv 1909, og anleggsarbeidet i den vesle bygda har gått for fullt i to-tre år. Konrad Løyning er på veg til det nye livet sitt.

 

Fabrikken

av Øivind H. Solheim er den første utgjevinga til Fiksjonsforlaget.

Romanen handlar om folk med tilknyting til smelteverket i Odda før og under den 2. verdskrigen.

Til Fabrikken, 1. kapittel (utdrag)