Fabrikken, roman

 
  

Fabrikken

Teksten nedanfor er eit utdrag frå romanen Fabrikken av Øivind H. Solheim. Romanen blir publisert hausten 2008.

   Den sentrale personen er Konrad, 9 år gammal i dette utdraget. Året er 1902, berre nokre få år før tungindustrien etablerte seg i Odda, denne vesle bygda innerst i Hardanger.

   Forteljinga startar med Konrad sine minne frå dei første åra på Løyning, ein liten fjellgard sør for Odda.

   Hovuddelen av  romanen Fabrikken skildrar miljø og hendingar i Odda frå 1940 til 1946, og fortel om ei gruppe fabrikkarbeidarar og familiane deira. I ein del av romanen følgjer vi ein av personane som sluttar seg til den norske hæren i motstandskampen mot dei tyske invasjonsstyrkane i april og mai 1940.

UTDRAG FRÅ FABRIKKEN, 1. DEL:

 

1

 

(1902/1940)

 

 

Han flyt.

Han kjem til overflata.

Med eitt vaken, men som i ei tåke.

- Ein lyd, ein stad.

 

Han lyttar.

    - Det var ein lyd ein stad

Han høyrer det ikkje.

Det er borte.

 

Han held pusten. Prøver å fanga det som var.

Det som var.

Han veit det var noko. Han er sikker.

Noko utanfor. I gata.

Eller kanskje kom det nede frå fabrikken.

Lyd av metall som slår mot metall.

Eller var det inne i rommet?

Han glir tilbake.

 

Han er tilbake. Der oppe i huset ved vatnet. Han er i senga, i rommet under det skrå taket. Pusten frå dei andre er rundt han som vanleg. Han kjenner føtene til Jens, som ligg i den andre enden. Han har vondt. Inni seg. Det er noko som ikkje er slik som det var. Slik som det skal vera.

Mor ligg inne på kammerset. Mor ligg sjuk i senga si. Dei vaksne seier at han ikkje får gå inn til henne. Han må ikkje forstyrra henne. Alt skal bli så bra, så, seier moster. Moster stryk han over håret. Han vil ho skal stryka han meir over håret. Men moster kjem ikkje meir med handa si. Moster snur seg mot far. Moster begynner å snakka lågt til far igjen. Far snur ansiktet mot han. Du er flink gut, du, seier far. Stor gut du, no. Ikkje sant? Han nikkar. Det er bra, det, seier far. Det er bra, gut, seier far ein gong til. Far snakkar slik som han ikkje plar snakka. Det er bra, gut, seier han. Bra, guten min. Far seier det same fleire gonger. Som om alt er bra. Slik som det er. Men det er ikkje slik som det skal vera.

Han er heime igjen. Der oppe på garden ved vatnet. Han er i senga, på rommet med skrått tak. Han er ni år gammal. Han har fødselsdag, men dei har gløymt han. Dei har gløymt dagen hans. Mor ligg på kammerset og er sjuk. Mor ligg i senga. Mor er bleik og fjern. Han får ikkje gå inn til henne. Først fekk han, men no får han det ikkje. Han ligg i mørket. Det er natt. Han lyttar. Han er sikker. Han høyrde noko. Frå ein stad i den andre enden av huset. Det var noko. Det var ein lyd. Der er det igjen. Lyd som ikkje skal vera der.

Han glir inn i det ulne igjen. Han ligg og held pusten. Han er ni år gammal og ligg i senga på lemmen. Han tenker på at han er ni år gammal. Far seier at han er stor gut. Han ser ansiktet til far. Far smiler ikkje. Han vil strekkja fram handa mot far. Han vil seia det til far. Han har fødselsdag. Han -.

Då er det igjen lydar. Frå kammerset. Dempa lydar frå dei vaksne. Dei vaksne er oppe om natta. Han høyrer stemmer. Føter som trakkar på golvet. Så er det stille igjen

Han må ha sovna igjen. Han må ha kome bort. Kanskje har dei blitt stille igjen der borte. Kanskje det har ordna seg. Han seier inni seg at det må ordna seg. Mor må bli frisk igjen, Han gjentar det inni seg. Mor må bli frisk igjen. Ho må det.

 

Om dagen går han ut av huset. Utan at nokon av dei vaksne merkar det stiltrar han seg ut. Han ser ikkje far. Han ser heller ikkje moster. Brørne held på borte ved løa. Dei drar i skjækene på vogna. Dei prøver å flytta vogna. Han ser på dei. Han veit at det ikkje er lov. Han vinkar til dei, men dei ensar han ikkje. Han høyrer stemmer bak seg. Han snur seg. Han ser far som kjem ut på trappa. Han ser frå far til brørne. Dei herjar med vogna, prøver å dra, prøver å svinga framhjula med skjækene. Han ser på far. Far er ikkje slik som vanleg. Far ser mot dei. Far ser ikkje at brørne herjar med vogna. Far ser tomt ut i lufta framfor seg. Far snur seg og snakkar til nokon inne i gangen. Far snakkar til den framande som kjem ut. Mannen som kjem ut nikkar alvorleg. Mannen som far snakkar med, er presten. Han kjenner at det snører seg i brystet. Han kjenner at han må bort. Far snakkar med presten. Han må bort. Før far eller moster får auga på han. Han må bort. Må bort, langt vekk.

Han går og går. Er på isen, ute på vatnet. Han kom seg bort. Han måtte ut. Han er langt ute på vatnet. Han er åleine, han går, på isen. Vinterdagen er blank og kald.

 

Det som var den gongen.

Han ser det for seg, slik det var.

Han var ung og uredd.

Han hadde ikkje forstått det.

At det verkeleg var slik. Slik som dei sa.

Det farlege.

 

Han kjenner liksom eit drag i lufta. Han er tilbake der han var. Der han voks opp. Garden ved vatnet. Det som var den gongen. Det var den dagen. Han vakna og det var annleis. Den morgonen. Alt så annleis i huset. Dei dempa stemmene. Han vakna, og han visste det. No hadde det skjedd. Mor er død. I natt hadde det skjedd. Han vakna, og han visste at han var åleine. Åleine i verda. Han låg heilt stille. Han lytta. Han stod opp. Han sette føtene stilt ned på golvet. Golvet iskaldt under sålane. Han var åleine i rommet. Dei tre mindre brørne var alt ute. Han raska til seg buksa og skjorta, genseren og skorne. Han hadde bestemt seg. Han heldt pusten mens han gjekk fort forbi døra. Han gjekk ut. Ingen enste han. Ingen av dei vaksne var der, ingen stoppa han, slik han halvt hadde venta.


 
 

 

"...det er som å gå på tynn is. Han tenker at det er som å gå på vatnet ein vinterdag. Det er som å gå der ute på den blanke isen som nyss har lagt seg. Og ikkje vita om han vil bera."


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


"Han går gjennom isen. Det som han trør på, sviktar under sålane hans. Det som han er avhengig av, sviktar akkurat då han er minst førebudd."